header image
Startside arrow Artikler arrow I saksa arrow Det store røvartoktet
Det store røvartoktet Skriv ut E-post
Artikler - I saksa
Skrevet av Astrid Sverresdotter Dypvik, Klassekampen   
12. Nov 2007

Statoil oppfører seg ikkje annleis enn andre oljeselskap.

... seminaret «Det store oljerøveriet» om Irak, arbeidet med ny oljelov og Noreg si rolle i som stor internasjonal aktør på oljeområdet. Arrangør var Komiteen for et fritt Irak.

- Det kan samanliknast med moderne vikingtokter, seier Terje Nustad, leiar for oljearbeidarfagforeininga SAFE, om norsk oljeengasjement i utlandet. Historisk sett har kontroll over eigne ressursar, og kontroll over kunnskap vore kjernepunkt i norsk oljepolitikk.

I dag er Noreg ein del av den gruppa som kritiserer land som Venezuela og Russland som ønskjer kontroll med eigne oljeressursar for ressursnasjonalisme, heller enn å støtte opp om andre lands moglegheit til å kontrollera eigne ressursar, meinte fagforeiningsleiaren. Dette altså trass i regjeringas olje for utvikling-politikk. Nustad var ein av føredragshaldarane på konferansen om Iraks olje.

- Det kjem ikkje så mykje utav det, var Nustads nøkterne kommentar til olje for utviklingspolitikken.

Det vesle oljeselskapet DNO er førebels det einaste norske selskapet som er på plass i Irak, deira engasjement er lagt til irakisk Kurdistan. Samtidig sit den største aktøren, Statoil-Hydro, på gjerdet saman med andre internasjonale storselskap og ventar på at det skal bli mogleg å gå inn. Selskapet har lenge drive lobbyverksemd og posisjonert seg for å kunne gå inn i Irak. Men ein ventar framleis på at den omstridde, nye oljelova for Irak skal bli vedteke, og på at tryggingssituasjonen i landet skal gjera det mogleg å gå inn.

- Det forslaget til ny oljelov som no ligg på bordet er eit massivt privatiseringsforsøk. Det er den mest ekstreme liberaliseringa nokon gong, slo oljeforskar Helge Ryggvik fast i sitt føredrag.

Øystein Noreng, professor ved Handelshøyskolen BI, brukte delar av sitt innlegg til å visa kva lovforslaget inneber.

  • Lova inneber ei desentralisering som gjer at sentralregjeringa ikkje har ein samla kontroll med oljeressursane. Råderetten over dei nye felta blir desentralisert til provinsane.
  • Utvinningstempoet skal aukast gjennom ei rask auke i utanlandske investeringar.
  • Dessutan blir moglegheitene til politisk styring ytterlegare svekka gjennom overføring av myndigheit frå oljedepartementet til eit føderalt oljeråd, i dette rådet skal både private og utanlandske aktørar kunne delta.

Irak har verdas tredje største oljereservar, etter Saudi-Arabia og Iran. Omlag ti prosent av verdas samla oljereservar er i Irak.

Prosjektet olje for utvikling har vore eit av miljø- og utviklingsminister Erik Solheims prestisjeprosjekt. Ideen med prosjektet er å bringa norsk erfaring og kompetanse på oljeområdet til oljerike utviklingsland.

- Ein kan lett får inntrykk av at regjeringa også gjennom olje- for utviklings politikken også går oljeindustriens ærend. Men hovudproblemet er likevel kva mandat Erik Solheim har til å føra ein, han er ikkje olje- og energiminister, men utviklingsminister, seier Nustad.

Statoil er den største aktøren, og det er ikkje Solheim som styrer selskapet. Statoil vil inn i Iran.
- At dei ikkje alt er inne handlar om at det ikkje er mogleg på grunn av tryggingssituasjonen. Statoil gjer ingen refleksjonar om på kva premiss engasjementet skal finna stad på. Dermed er det tydeleg at selskapet ikkje har nokon intensjon om å opptre annleis enn andre aktørar i oljeindustrien, meinte Nustad.

Klassekampen 12.11.2007

©Klassekampen

Sist oppdatert ( 14. Nov 2007 )
< Forrige   Neste >